Drømmepåske


Tur til Skarvan. Flott ver og upåklageleg utsikt.

Det vart ei drømmepåske utan like. Eg og Mette kom til Tælastuå onsdagskvelden før påske, og forlet hytta 2. påskedag. Bortsett frå nokre snøbyger, som heldigvis kom på kveldstid, hadde vi sol frå første til siste minutt. Eg har opplevd fine påskehelger på Tæla før. Men ikkje så mange kan måle seg med den vi fekk i år.

Og ikkje berre veret slo til. Nysnøen som kom i byrjinga av den stille veka laga til eit silkeføre som gjorde turane over Tæla til til reine eventyrferdene.

Vi var berre to i hytta i år. Når ein trivst i lag trengst det ikkje fleire. Fred, god stemning og flotte skiturar. Kva meir kan to gamle forlange?

1. påskedag kom det som vanleg mange gjester til Tælastuå. Desse samlingane har vorte ein tradisjon som vi i hytta sett stor pris på. Berre triveleg folk, som kjem att år etter år. I tillegg hadde Mette rund dag påskedagen.Jubilanten stilte med kake, og Ragnhild og Gudrun hadde med lefse. Dermed vart det eit skikkeleg kaffelag.

Eg trudde ikkje det skulle bli hopprenn i år, sidan tilløpet stort sett var bart. Men Sigbjørn visste råd. Han tok ei økt med spaden, fekk ordna bakke og dro til med nokre kjempehopp. Ingen andre våga seg utfor.

Enno er ikkje skisesongen oppe på Tæla over. Føret held ei stund til, enten veret blir slik eller slik framover. Dei som ikkje går på ski i fjellet i april og mai, veit ikkje kva dei går slipp av.


Gebursdagslag på sjølvaste påskedagen.


Jammen vart det ikkje hopprenn.


Triveleg samver.

#påske #natur #hytteliv

Én kommentar

kreativemeeg

20.04.2017 kl.21:39

Hørtes veldig hyggelig ut :) Å den utsikten var jo bare fantastisk flott :)

Skriv en ny kommentar

Lars Steinar Ansnes

Lars Steinar Ansnes

61, Fræna

Eg har vore lokalavisredaktør i ein mannsalder. Opp gjennom åra har eg meint mangt om utruleg mykje. Denne bloggen er ein ventil der eg vil skrive om ting som opptek meg utanfor jobben - aller mest hytte- og friluftsliv, lokalhistorie, foto, bøker og musikk.

Kategorier

Arkiv

hits